Døgenikt er eit norsk og dansk uttrykk avleidd av det nedertyske nedsetjande ordet Taugenichts (Taugen (dögen), 'duge', nichts, inkje', altså 'inkjedugande').[1] Det viser til ein doven og udugeleg person, ein lathans eller dagdrivar.[2]

Teikning av ein døgenikt.

I litteraturen vart ordet ofte nytta, særleg på 1800-talet og inn på 1900-talet, for å karakterisera barnet til gode borgarlege familiar som ikkje slutta seg til familietradisjonane i høve til yrkesval, men kanskje gjekk inn i kunstnariske yrke.

Ei novelle av Joseph von Eichendorff frå 1826 tok for seg døgenikten: Aus dem Leben eines Taugenichts.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «døgenikt» i Bokmålsordboka.
  2. «døgenikt». Store norske leksikon (på norsk). 16. mai 2018.