Das Gedicht

(Omdirigert frå DAS GEDICHT)

Das GEDICHT ('Diktet') er det største poesimagasinet i den tysktalande verda.[1] Det blei grunnlagt i 1993 av diktaren og forleggjaren Anton G. Leitner saman med Ludwig Steinherr. I periodane 1994–2007 og 2020–2022 var Leitner den einaste redaktøren. Mellom 2008 og 2019 redigerte Leitner det årlege tidsskriftet med ulike medredaktørar.

Das Gedicht
Oppretta1993
Språktysk
Nettstadhttp://www.aglv.com

Frå den fyrste utgåva kom ut i 1993 har DAS GEDICHT publisert originale, ofte banebrytande verk frå tyskspråklege diktarar, og kritiske essar frå samtidige skribentar og forskarar.[2] Kvar utgåve har eit tema (som erotika, religion, pop, politisk poesi, dikt om born, dyr, helse eller natur).[3][4] Temaa blir berre kunngjorde til abonnentar av magasinet.[5] I tillegg har dei bok-lange utgåvene av bladet meldingar og kommentarar, og ein detaljert bibliografi av nye utgjevingar innan diktsjangeren.[6]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre