DS «Bergensfjord»

(Omdirigert frå DS «Bergensfjord» (1913))
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå «Bergensfjord».

DS «Bergensfjord» var eit norsk atlanterhavsskip som tilhøyrde Den norske Amerikalinje og gjekk i trafikk mellom Noreg og USA. Under andre verdskrigen vart det nytta til troppetransport. Etter krigen fekk det søramerikanske og så israelske eigarar.

DS «Bergensfjord»
Karriere
Namn: 1946–1952 «Argentina»
1952–1957 «Jerusalem»
1957–1959 «Aliya»
Type: dampskip, linjeskip
Eigar: Den norske Amerikalinje
Reiarlag: Den Norske Amerikalinje
Verft: Cammell Laird
Byggjenummer: 787
Sett i teneste: 1913
Status: Opphogd 1959
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 10 666 tonn
Daudvekt: 7 300 tonn
Lengd: 156 m
Djupgang: 9 m
Fart: 15 knop
Bergensfjord i opplag, Oslo hamn 1938.

Skipet var bygd av Cammell Laird i Birkenhead i England. Det vart overlevert til Den norske Amerikalinje A/S i september 1913. DS «Bergensfjord» var søsterskip til DS «Kristianiafjord». Jomfruturen gjekk frå Bergen 28. september 1913 til New York.

Skipet fekk ein eksplosjon i motorrommet i juli 1924, med det resultat at skipet måtte strandast. Skipet vart reparert og var tilbake i trafikk i september same året.

DS «Bergensfjord» var troppetransportskip under andre verdskrigen og levert tilbake til reiarlaget i 1946. Det vart straks selt vidare til Panama Lines til bruk i emigranttrafikk til Sør-Amerika. Namnet vart endra til DS «Argentina». I 1952 vart skipet selt vidare til Zim Lines. Det vart då omdøypt til DS «Jerusalem» og sett inn i rute mellom Israel og New York. I 1957 vart namnet endra til DS «Aliya». Skipet vart hogge opp i 1959.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Yngvar Holm: Den store boken om amerikabåtene. Nasjonen maritime stolthet. Edvard'en forlag Bergen 2004.
  • «Norway Heritage -- Hands across the sea». 
  • Geir Hestmark 2020: Lykkeskipet Bergensfjord. Verdenskrig og etterkrigsår 1939–1959. Oslo: Kagge Forlag AS.