DS «Hardangeren»
MS «Tysnes» (til venstre) og DS «Hardangeren» (høgre) ved Fjæra i Åkrafjorden i Hardanger. 1930. | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Hardangeren» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted AS |
Verftsnummer: | 16 |
Sett i teneste: | 1880 (for HSD) |
Teke ut av teneste: | 1950 |
Lagnad: | Opphogd 1951 |
Generelle mål | |
Tonnasje: |
136 brt 1884: 230 brt |
Lengd: |
39,90 m 1884: 43,80 m |
Breidd: | 6,00 m |
Djupgang: | 3,00 m |
Installert effekt : | 320 iHK |
Framdrift: | 2cyl.Comp |
Fart: | 8 knop |
DS «Hardangeren» var eit dampskip bygd av Bergen Mekaniske Verksted AS for reiarlaget Interessentskabet Hardangeren og levert juli 1869.
Skipet var det første skipet i flåten til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) og var i HSD si eige frå 1880 til 1950. Ho gjekk i diverse ruter fram til like etter krigen. Då fekk HSD nye ruteskip og DS «Hardangeren» fungerte som reserveskip til det vart seld i 1950 til A/S Sildefiskernes Exportlag i Bergen og omdøypt «Harda». Alt året etter, i 1951 vart skipet levert til opphogging.
I 1884 vart skipet forlenga og ny motor på 250 iHK vart sett inn i 1889. I 1896 vart skipet igjen ombygd, no til 226 brt.
Under første verdskrigen vart skipet rekvirert to gonger av Bergensavdelinga i den norske marinen. I 1924 vart det sett inn ny maskin i båten på 225 iHK.