MS Tysnes and DS Hardangeren.jpg
MS «Tysnes» (til venstre) og DS «Hardangeren» ( høgre)
ved Fjæra i Åkrafjorden i Hardanger. 1930.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Tysnes»
Eigar: HSD
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 62
Sjøsett: 1930
Teke ut av teneste: 1963
Kjennemerke: LJCW/LHRF
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 75 brt, 35 nrt
Lengd: 76,3 fot (23,3 m)
Breidd: 16,1 fot (4,9 m)
Djupgang: 8,3 fot (2,5 m)
Installert effekt : 96 bHK
Framdrift: 2cyl. 2T Bolinder RM
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «T. J. Osnes»
Eigar: Olaf O. Osnes, Nordø på Karmøy/Haugesund.
Sett i teneste: 1963
Generelle mål etter ombygging i 1963
Tonnasje: 78 brt
Daudvekt: 120 tonn
Installert effekt : 50 bhk
Framdrift: 1syl 2tev Wichmann (1938)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Vartun»
Eigar: 1971: Tor Vargervik, Jørpeland/Stavanger
1977: Jacob Jacobsen, Førland/Haugesund
1987: Geir Røssland, Fana/Haugesund
Lagnad: Framleis i drift (2011)

MS «Tysnes» var ein lokalrutebåt som vart levert seint på sommaren 1930 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. I 1963 vart ho selt og ombygd til fraktefartøy. Etter mange år i lokal sandfart på Sørvestlandet som MS «T. J. Osnes» og etterkvart MS «Vartun», gjekk ho i opplag i 1985. Etter to år ved kai i Smedasundet i Haugesund vart ho selt til Fana ved Bergen med tanke på framtidig restaurering tilbake til utsjånaden ho hadde som lokalrutebåt. Restaureringsarbeidet starta i DåfjordenFitjar i 2003.

MS «Tysnes»Endra

MS «Tysnes» vart levert frå AS Mjellem & Karlsen i Bergen seint på sommaren 1930 og nytta i «Sunnhordland Lokalrute» (LeirvikMosterhamnValevåg – Leirvik – Halsnøy- Fjelberg – Sunde), i korrespondanse med HSD si «Sunnhordland Snøggrute» (Bergen – Leirvik – BjoaØlenEtneSkånevik) i Leirvik på Stord. Ho vikarierte tidvis for den bilførande lokalrutebåten MK «Kinsarvik» som «bilferje» på Kyrping – Fjøra i Åkrafjorden («Tysnes» hadde plass til to personbilar på dekk). Ho vikarierte òg tidvis for lokalrutebåten DS «Ternen» i ruta Bergen – AustevollFitjar.

I 1947 vart «Sunnhordland Lokalrute» endra noko og ho gjekk no Leirvik – Mosterhamn – Valevåg – Leirvik – Halsnøy – Sunde, i korrespondanse med buss frå Tittelsnes til Haugesund og «Sunnhordland Snøggrute» på Leirvik. Ruta vart typisk utført av den større lokalrutebåten «Eidfjord» om vinteren då «Tysnes» gjerne gjekk i vinteropplag.

Kring 1951 vart skipet noko ombygd. Ho fekk fast skansekledning i baug og hekk (hadde tidlegare ope rekkverk), i tillegg til at nedgangskappa til mannskapslugarane forut vart fjerna og ei dør inn frå salongen vart montert.

I 1963 vart «Sunnhordland Lokalrute» overteke av «Eidfjord» og «Tysnes» vart opplagt i Bergen.

MS «T. J. Osnes»Endra

I august 1963 vart skipet selt til Olaf O. Osnes på Nordbø på Karmøy og registrert i Haugesund for kr 35 000. Ho vart ombygd til fraktefartøy ved Øklandsnes Slip i Auklandshamn i Sveio. Styrehuset og brua vart flytta atterover og ho fekk ny motor frå Wichmann. I 1964 kom skipet i fart som fraktefartøy kalla «T. J. Osnes». Ho vart då nytta i lokal sandfart rundt Haugesund.

MS «Vartun»Endra

I 1971 vart skipet slet til Tor Vargervik på Jørpeland og registrert i Stavanger. Ho fekk då namnet «Vartun». I 1977 vart ho selt vidare til Jacob Jacobsen på Førland i Tysvær og registrert i Haugesund. Ho gjekk då framleis i lokal sandfart. Ho vart samtidig noko ombygd og siste resten av ope rekkverk langs lasteluka vart erstatta av fast rekkje. Ho fekk teakdøra i fronten av overbygget erstatta av ståldør og luka vart noko forlenga.

I 1980 vart skipet selt til Malvin Olsen i Haugesund og nytta i lokal sandfart. Ho vart opplagt i Smedasundet i Haugesund i 1985.

VeteranbåtEndra

 
M/S «Vartun» under restaurering i DåfjordenFitjar i mars 2005. Foto: Harald Sætre.

10. mars 1987 vart skipet selt til Geir Røssland, Fana ved Bergen og registrert i Haugesund med tanke på framtidig restaurering tilbake til original utsjånad som «Tysnes». Våren 1988 låg ho i opplag i Bergen, men vart halde ved like. I oktober 2002 vart ho flytta til Dåfjorden Slipp i Dåfjorden på Fitjar og restaureringsarbeidet kom i gang i 2003.

Per 2016 er MS Vartun, som no har fått det opphaveleget namnet sitt, Tysnes tilbake, framleis under restaurering.

KjelderEndra