DS «Lindaas» vart bygd i 1909 av Kristiansands mek. Verksted for Lindaas-Masfjorden Dampskibsselskab. Etter at Noreg vart med i andre verdskrig vart båten overtatt av tyskarane som døypte båten NB 03 OTTER. Slik vart den heitande til den vart tilbakelevert til reiarlaget då krigen tok slutt og fekk tilbake det gamle namnet sitt. I 1946 gjenomgjekk DS «Lindaas» eit større moderniseringsarbeide. DS «Lindaas» gjekk i trafikk til 1962. Båten vart då seld og omgjord til lastebåt. Med ein tosylindra oljemotor på 100 hk fekk båten namnet MS «Gerlaug». I 1967 vart båten seld til Alfred Aukra, og under namnet MS "Nibeta" gjekk den som lastebåt under diverse eigarar inntil 1987, då den sokk medan den låg i opplag utanfor Ålesund. Båten vart heva og seinare senka utanfor Storfjorden. (Juli-1992)

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.