DS «Stavangerfjord»

skip frå Den norske Amerikalinje

DS «Stavangerfjord» var Den norske Amerikalinje sitt tredje skip. I likskap med dei to førre skipa vart Stavangerfjord bygd av Cammell Laird i Birkenhead i England. Skipet vart sett i trafikk i 1918. Ved krigsutbrotet i 1940 vart skipet beslaglagd av tyskarane, som nytta det som depotskip. Etter krigen sette reiarlaget skipet på nytt inn i transatlantisk rutetrafikk. Den gamle dampen kryssa Atlanteren trufast heilt fram til 1964 da skipet vart seld til opphogging.

«Amerikabåten» DS «Stavangerfjord» bakkar ut frå kai i Kristiania, om lag år 1920. i bakgrunnen kan ein sjå Sjømannsskolen på Ekeberg

Litteratur endre

  • Yngvar Holm: Den store boken om amerikabåtene. Nasjonen maritime stolthet. Edvard'en forlag Bergen 2004.