Amerikabåt er skip som går til og frå USA. Omgrepet oppstod under dei store utvandringane frå Noreg og Sverige til Amerika. Omgrepet «amerikabåt» kan òg vise spesifikt til fartøya som høyrde til Den Norske Amerikalinje A/S (NAL), då reiarlaget vart oppretta i 1910.

«Amerikabåten» DS «Stavangerfjord» bakkar ut frå kai i Kristiania, om lag år 1920. i bakgrunnen kan ein sjå Sjømannsskolen på Ekeberg

I norske byar der «Amerikabåten» hadde anløp, var framkomst og ikkje minst avgangar hendingsrike, i ei tid før fly gjorde reiser frå kontinent til kontinent raskt og enkelt. Mange møtte opp for å sjå avgangen, både dei som hadde kjende om bord blant dei reisande, men også mange skodelystne.

Litteratur endre

  • Yngvar Holm: Den store boken om amerikabåtene. Nasjonens maritime stolthet. Edvard'en forlag Bergen 2004.

Bakgrunnsstoff endre