DS «Hordaland»
lokalrutebåt i Hordaland
(Omdirigert frå DS Hordaland (1880))
Frå hamna på Leirvik på Stord i 1930. Inst ligg DS «Rosendal», DS «Ullensvang», DS «Søndhordland» og DS «Hordaland» | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Hordaland» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab |
Verft: | Kockums mek. Verkstads AB i Malmö |
Verftsnummer: | 22 |
Sett i teneste: | 1880 (for HSD) |
Teke ut av teneste: | 1936 |
Kjennemerke: | JQVS/LEDF |
Lagnad: | Opphogd 1936 |
Generelle mål | |
Tonnasje: |
144 brt 99 nrt |
Lengd: | 111,4 fot (33,95 m) |
Breidd: | 18,6 fot (5,7 m) |
Djupgang: | 9,5 fot (2,9 m) |
Installert effekt : | 50 nhk |
Framdrift: | 2cyl.Comp |
D/S «Hordaland» var eit dampskip bygt i 1879 for Det Søndhordlandske Dampskibsselskab. Skipet kosta den gongen kr. 80 000 og den første kapteinen var kaptein Simonsen.
Skipet vart overteke av Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) i 1880. 25. mai 1915 vart skipet rekvirert av Den norske marinen (Bergensavdelinga) og vart nytta under første verdskrigen. 19. desember 1918 vart skipet returnert til HSD og var i teneste fram til 1936, då det vart seld til hogging ved Stavanger Skips-Ophugnings Co.