Dadafon
Dadafon er ei norsk musikkgruppe basert i Trondheim. Gruppa er vanskeleg å plassera musikalsk.
Dadafon | |||
Vokalist Kristin Asbjørnsen i 2008 | |||
Opphav | Trondheim | ||
---|---|---|---|
Aktiv | ca. 1995 - | ||
Sjanger | Jazz, pop, alternativ | ||
Medlemmer | Kristin Asbjørnsen (vokal) Jostein Ansnes (gitar) Øyvind Engen (cello, gitar) Erik Øien (bass, vokal) Martin Langlie (trommer) | ||
Tidlegare medlemmer | Kenneth Kapstad (trommer) Carl Haakon Waadeland (trommer) Martin Smidt (trommer) Bjørn Ole Solberg (saksofon) | ||
Prisar | Alarmprisen i jazz |
Gruppa starta opp i 1995 under namnet Coloured Moods, og gav ut debutplata Coloured Moods i 1998. I 2000 skifte dei namn til Dadafon, og har sidan gjeve ut fire plater, deriblant Visitor frå 2002 som dei vann Alarmprisen for i klassen jazz. Dadafon har oppretta eit studio i hamneområdet i Trondheim, der ei av platene deira vart innspelt.
Diskografi
endre- Coloured Moods (1998)
- And I Can't Stand Still (2001)
- Visitor (2002)
- Harbour (2004)
- Lost Love Chords (2005)
Kjelder og bakgrunnsstoff
endre- Bokmålswikipedia om Dadafon, henta inn 18. februar 2011.
- Dadafon på Groove.no
- Dadafon på Rockipedia.[daud lenkje]