Dagpolarlys eller dagnordlys er ei form for polarlys som opptrer på dagtid som svake, diffuse polarlys, hovudsakleg i raudt, men med innslag av sterke, kortvarige strukturar og diskrete former i grønt.

Dagpolarlyset vert danna på liknande vis som polarlyset ved at elektron frå solvinden trengjer ned i atmosfæren. Desse elektrona har lågare energi enn partiklane som skapar nattpolarlyset, og vil om dagen derfor ligge høgare, typisk mellom 300-400 km eller 100-150 km. Det raude lyset er vanlegvis for svakt til at ein kan kunne sjå det med bere augo.

Dei grøne strukturane i dagpolarlyset kjem av meir høgenergetiske, akselererte partiklar som trengjer ned til lågare høgder.

Vanlegvis ligg dagpolarlyset 8-10° lenger mot polane enn nattpolarlyset, og i Europa kan ein dermed berre observere dette over Svalbard, der ein kring vintersolkverv har mørk nok himmel til at ein kan sjå dette lyset.

Kjelder endre