Dailey Islands
Dailey Islands er ei gruppe små vulkanske øyar som ligg utanfor kysten av Victoria Land, 8 km nordaust for Cape Chocolate, i nordenden av isbremmen som grensar til McMurdo Sound. Dei vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen, under Robert Falcon Scott, og kalla opp etter Fred E. Dailey, som var snikkar på ekspedisjonen.
Dailey Islands | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 77°53′S 165°8′E / 77.883°S 165.133°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Dailey Islands 77°53′00″S 165°07′59″E / 77.8833°S 165.133°E | |||
Øyane i Dailey Islands er:
- West Dailey Island (77°53′S 164°54′E / 77.883°S 164.900°E), den største og vestlegaste av øyane, ligg 8 km nordaust for Cape Chocolate. Sjølv ho vart vitja av «Discovery-ekspedisjonen», som namngav gruppa, verkar det som om denne øya vart namngjeven av Terra Nova-ekspedisjonen til Scott, 1910-13.
- Juergens Island (77°53′S 165°2′E / 77.883°S 165.033°E), ligg 2,5 km aust for West Dailey Island. Ho vart kalla opp etter Eric D. Juergens frå ASA, som var medleiar på eit USAP-prosjekt for å reinse Antarktis for avfall i byrjinga av 1991.
- Hatcher Island (77°53′S 165°4′E / 77.883°S 165.067°E), på austsida av Juergens Island, 3 km aust for West Dailey Island; kalla opp etter John H. Hatcher, III frå ASA, som starta det omfattande avfallshandteringsprosjektet for USAP i 1992.
- Uberuaga Island (77°53′S 165°17′E / 77.883°S 165.283°E), ei 800 meter lang øy heilt aust i Dailey Islands. Ho vart kalla opp etter Julia Mary Uberuaga, som frå 1979 til 1999 arbeidde 20 sesongar i Antarktis for USAP.
- Kuechle Island (77°52′S 165°13′E / 77.867°S 165.217°E), ligg 1,5 km nordvest for Uberuaga Island og er den nordlegaste av Dailey Islands. Ho vart kalla opp etter Valerian B. (Larry) Kuechle, ein elektrikar frå University of Minnesota med USAP.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dailey Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dailey Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).