Opna hovudmenyen

Dalane-Suldallinja er ei 1,1 km lang sambandslinje på Sørlandsbanen i Kristiansand. Linja vart bygd for at tog som berre skal passere Kristiansand skal sleppe å køyre innom Kristiansand stasjon, som ligg i enden av eit buttspor. Linja er ein-spora og vart opna for mellombels trafikk til Kristiansand-Audnedal i 1943. «Urlauber-tog» for Deutsche Wehrmacht vart kjørt frå 15. mai 1943 (kalla «anleggstog»), medan det vart opna for reisande og reisegods frå november 1943. Det var mellombels trafikk til Sira frå 17. desember 1943. Ordinær drift var i gang frå 1. mars 1944.

Dalane–Suldallinja
Info
Type Jernbane
System Éinspora elektrifisert bane
Utgangsstasjon Dalane
Endestasjon Suldal
Tal på stasjonar 0
Drift
Opna 1944
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) CargoNet
Type trafikk Godstrafikk
Teknisk
Køyrestraum 15 kV, 16 ⅔ Hz
Sporvidd 1435 (normalspor)
Lengde 1,1 km
Bruer 1

LinjekartEndra

Teiknforklaring
  Sørlandsbanen frå Grovane
  362,10 km Dalane (1939)
    Sørlandsbanen til Kristiansand
  til Jarnbaneverkstaden
    sidespor
   
     Setesdalsveien
  Suldalsnuten (ca. 150 m)
    Sørlandsbanen frå Kristiansand
  363,20 km Suldal (1958)
  Sørlandsbanen til Sira

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 248. ISBN 82-90286-28-7.