Dalasandstenen
Dalasandstenen er namnet på ei lagrekkje (berglag) i nordvestlege område av Dalarna og tilstøytande område av Härjedalen i Sverige. Ho omfattar raud, raudbrun eller raudleten sandstein med runde lyse flekkar.[1]
Lagrekkja er over 600 meter tjukk og er frå prekambrium. Dalasandstenen strekkjer seg inn i Noreg aust for Trysilelva og vert her kalla trysilsandstein.
Kjelder
endre«Dalasandstenen» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Dalasandsten i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1906)