Trysilelva
Trysilelva er ein del av Trysilvassdraget som har den store innsjøen Femunden som senter i grenseområda mellom Innlandet og Trøndelag. Trysilelva renn ut i frå dei to små vatna Galten og Galthåen sør for Femunden. Vidare renn Trysilelva 120 kilometer ned igjennom Engerdal og Trysil sine skogkledde landskap. Nær grensa til Sverige er det på norsk side to kraftverk: Sagnfossen og Lutufallet. Vidare derifrå renn Trysilelva inn i Sverige med namnet Klarälven ved Långflon. I Sverige renn elva ut i den største innsjøen i Sverige, Vänern, ved byen Karlstad. Trysilelva og Klara var fram til 1991 viktige fløytingselver.[1]
Trysilelva inngår som del av det som sett i samanheng er den lengste elva i Skandinavia, medrekna innsjøane undervegs, og som skiftar namn fleire gonger.
Kjelda for denne elva er innsjøen Rogen i Härjedalen. Der heiter ho Klarälven, og renn inn i Noreg, der ho heiter Klara eller, av og til på folkemunne, Femundselva og Trysilelva. Ho flyt så gjennom Femunden. Frå der flyt ho under namnet Femundselva gjennom Engerdal kommune. Når elva når Trysil kommune heiter ho Trysilelva fram til svenskegrensa og frå der Klarälven heilt ned til Vänern. Vänern sitt utløp er gjennom Göta älv, som renn ut i Kattegat ved Göteborg.
Trysilelva er verna med omsyn til Verneplan I for vassdrag.
Elva hadde storflaum i 1927, 1934 og 1967. Den 1. juni 1995 vart alle desse flaumrekordane passert under det som er kjent som Vesleofsen. Elva hadde da ei vassføring på 760 m³/s ved Nybergsund. Framleis er det Storofsen som står som flaumrekord.
Referansar
endre- ↑ Thorseth, L., Årringer - Skogbygda Trysil, 2014.