Dale ferjekai
Dale ferjekai er ein nedlagd ferjekai i Dale, på sørsida av Dalsfjorden i Fjaler kommune i Sunnfjord. Frå Dale gjekk ferjesambandet Dale-Eikenes til Eikenes som del av gamle Fylkesveg 609. Fylkesvegen går mellom Dale og Førde om Stongfjorden og sørsida av Førdefjorden.
Det opphavlege kaianlegget vart bygd frå 1930-talet i samband med at ferjedrifta vart sett i gong. Sidan auka trafikken over fjorden, og ny ferjekai med tidshøveleg standard kom på plass i 1962. På 1970-talet vart det påstarta ein veg frå Eikenes austover langs fjorden mot Otterstein, som del av Dalsfjordsambandet. Stortinget stogga prosjektet i 1981, og det var då bygd 4 km veg som enda i ein fjellvegg. Arbeidet med vegen tok opp att i 2010, og Dalsfjordsambandet opna 14. desember 2013.
Dale ferjekai er i dag nytta som parkeringsplass. Ferjelemmen er teken bort, men elles er kaia intakt.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Ferjene på Dalsfjorden» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Kampen for Dalsfjordbrua» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.