Dalia (דַּלִיָּה) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Galilea kring 30 km søraust for Haifa, og høyrer til Megiddo regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 737.

Dalia
kibbutz
Dalia, Israel 1.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Ramat Menashe
Distrikt Nord distrikt
Kommune Megiddo
Koordinatar 32°35′25″N 35°04′39″E
Grunnlagd 1. mai 1939
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla

Dalia kibbutz
32°35′25″ N 35°4′39″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dalia (Kibbutz)
Nettstad: www.dalia.org.il

HistorieEndra

Kibbutzen Dalia vart skapt då to samfunn knytt til Hashomer Hatzair slo seg til. Den første kibbutzen BaMa'ale, bestod av medlemmar frå Romania og Transilvania. Mange av dei fekk opplæring i jordbruk og industri i heimlanda sine, før dei emigrerte. Dei første immigrantane kom til Israel i 1933, og heldt seg hovudsakleg i Magdiel og Kfar Malal i Hadar Ramatayim. Dei arbeidde med jordbruk og forskjellige andre jobbar medan dei venta på løyve frå Jewish Agency til å slå seg ned permanent. Den andre kibbutzen, BaMifne i Karkur, bestod av medlemmar frå Tyskland. Før dei emigrerte, fekk dei fleste opplæring i jordbruk i Danmark, medan andre hadde studert i Tyskland, Frankrike og England. Dei første medlemmane immigrerte i 1933, medan andre kom til Bamifneh, busetnaden der dei ønskte å grunnleggje den nye kibbutzen sin. Avgjersla om å slå saman dei to kibbutzane vart gjort av leiinga av Hashomer Hatzair den 26. april 1939. Fleire dagar seinare, den 1. mai, slo dei to kibbutzane seg ned i Ramat Menashe for å byggje ein sjølvstendig kibbutz. I 1947 hadde landsbyen 320 innbyggjarar.[1]

KjelderEndra

  1. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 29. 

BakgrunnsstoffEndra

Offisiell nettstad