Megiddo regionale kommune

Megiddo regionale kommune (hebraisk מועצה אזורית מגידו, Mo'atza Azorit Megido) er ein regional kommune nord i Israel og dekkjer Menasheplatået, og delvis i Jezreeldalen. Kommunen grensar til byen Yokneam Illit i nord, og Karmelberget i aust, og husar kring 9600 innbyggjarar fordelt på ni kibbutzim og fire moshavim.

Megiddo regionale kommune
regional kommune
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°35′0″N 35°11′0″E / 32.58333°N 35.18333°E / 32.58333; 35.18333
Folketal 9 600
Kart
Megiddo regionale kommune
32°35′00″N 35°11′00″E / 32.583333°N 35.183333°E / 32.583333; 35.183333
Wikimedia Commons: Meggido Regional Council

Kommunen er kalla opp etter den antikke byen Megiddo og ruinane av denne byen ligg i nærleiken av kibbutz Megiddo.

Historie endre

Megiddo regionale kommune er ein av dei eldste regionale kommunane i Israel, og vart oppretta i 1945, tre år før sjølvstendet til Israel. Før 1945 var området ein del av Gush Nahalal, ein kommune i Det britiske mandatet.

Då han vart grunnlagd hadde kommunen berre 3 000 innbyggjarar frå fem innbyggjarar. Han heitte opphavleg «Harei Efrayim» (no. Efrayimåsane), og endra namn til «Megiddo» i 1952, sjølv om dette først vart offisielt godkjend i 1954.

Den eldste busetnaden i kommunen er kibbutz Mishmar HaEmek, som vart grunnlagd i 1926, medan den yngste er moshav Midrakh Oz, som vart grunnlagd i 1952.

Ramot Menashe biosfærereservat endre

84 million kvadratmeter av dei 170 million kvadratmetrane i Megiddo regionale kommune er eit naturreservat, med skogsområde, forskjellige vasskjelder, vulkanske åsar og arkeologiske stader. Parken er i dag i ferd med å få status hos UNESCO som biosfærereservat.

Busetnader endre

Kibbutzar endre

Andre landsbyar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre