Damien Michael Johnson (fødd 18. november 1978 i Lisburn i Nord-Irland) er ein nordirsk fotballspelar. Han har spela på midtbanen for det engelske laget Plymouth Argyle, og for det nordirske fotballandslaget.

Damien Johnson
Personleg informasjon
Fullt namn Damien Michael Johnson
Fødd 18. november 1978
Fødestad Lisburn i Nord-Irland
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Plymouth Argyle
Nummer 7
Ungdomsklubbar
Nord-Irland Portadown
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2002
1998
2002-10
2010-
Blackburn Rovers
Nottingham F (lån)
Birmingham City
Plymouth Argyle
59 (3)
6 (0)
192 (4)
19 (2)
Landslag
1999- Nord-Irland Nord-Irland 56 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 21. mars 2010

Johnson har spelt i fleire klubbar i dei to øvste divisjonane i den engelske ligaen, Premier League og Football League Championship. Han spelte for Birmingham City i åtte sesongar, frå 2002 til 2010, og var med på å rykkja opp i Premier League med klubben. 1. februar 2010 skreiv han under på ein to og eit halvt års kontrakt med Plymouth Argyle, som kjempa for å unngå nedrykk frå den nest høgste divisjonen. Klubben rykte likevel ned på slutten av sesongen.

Johnson debuterte på Nord-Irland sitt landslag 29. mai 1999, og passerte 50 landskampar i 2009.