Dan Børge Akerø
Dan Børge Akerø (fødd 23. januar 1951) er ein norsk fjernsynsprogramleiar og journalist.
Dan Børge Akerø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. januar 1951 (73 år) Nykøbing Mors |
Yrke | journalist, programleiar, fotballspelar, sosiolog |
Språk | norsk |
Dan Børge Akerø på Commons |
Utdanning og karriere
endreHan er utdanna ved Universitetet i Oslo, der han har ein cand.mag.-grad. Frå 1975 til 1980 arbeidde han som vitskapleg assistent og NAFV-stipendiat ved Institutt for fredsforskning.[1] Spesialområdet hans var Latin-Amerika.[2] I ungdommen sin spela han òg klubbfotball[3] for Skeid og Viking FK.[4]
Før Akerø gjorde ferdig mastergraden sin,[2] byrja han mediekarrieren sin som utanriksreporter i NRK Radio i 1979. Han vart seinare forfremja til nyhendeanker i Dagsrevyen. I 1986 vart han programleiar for prateprogrammet SenFredag, det fyrste av sitt slag på norsk fjernsyn. Han følgde opp med LørDan,[1] som gjekk frå 1987 til 1990. Frå 1990 til 1992 var han underdirektør for kultur og underhaldning i NRK.[3]
I 1992, då NRK-rivalen TV 2 vart starta, vart Akerø rekruttert dit.[1] Der var han programleiar for opningsprogrammet,[3] i tillegg til andre underhaldningsprogram.
Seint på 1990-talet var han med på å starte netthasardføretaket Global Money Games. Styreleiaren i dette føretaket var den tidlegare politikaren Pål Atle Skjervengen. Føretaket vart etter kvart kjent som ei børsboble, men Akerø selde seg ut før føretaket gjekk dukken i 1998.[5] Han har seinare starta eit lønsamt investeringsføretak med namnet Danpower International AS.[6] Likevel tapte han ved eit høve 1 500 000 norske kroner personleg gjennom ei feilslått investering i hotellbransjen.[7]
Akerø vende tilbake til NRK i 1999 og var deretter programleiar for Den store klassefesten. Mellom 2000 og 2005 hadde programmet mellom 986 000 og 1 411 000 sjåarar.[8] For dette programmet fekk Akerø to Gullruten-prisar, i 2001 og 2003. Han er òg kjend som programleiar av musikkonkurransen Kjempesjansen,[1] i tillegg til ei ny runde med LørDan.[9] Han var òg programleiar for den årlege Idrettsgallaen og 2007-[10] og 2008-versjonane[11] av TV-aksjonen.
I 2011 og 2013 var han attende som programleier i NRK med sitt eigenutvikla konsept QuizDan.
Kjelder
endre- Knut Olav Åmås [red.]: «Akerø, Dan Børge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Hvem er hvem?, s. 19
- ↑ 2,0 2,1 Ulrik Eriksen (27. desember 2000). «Latin Lover». Universitas.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Synne Hedlo (23. desember 2002). «Historien om Dan Børge». NRK.
- ↑ Mads Kvernen Kleppe (19. september 2007). «Power fra Dan Børge». NA24.
- ↑ Line Fransson (26. mai 1998). «Global Money Games legges ned». Dagbladet.
- ↑ Mads Kvernen Kleppe (21. juli 2008). «Dan Børge dro inn 1,8 mill.». NA24.
- ↑ Håkon Høgetveit (17. februar 2008). «Dan Børge har tapt millioner». NA24.
- ↑ Audun Giske (8. november 2005). «Festen over for Akerø». Kampanje.
- ↑ Ulrik Rongved Amundsen (20. september 2003). «LørDan er tilbake». NRK.
- ↑ «Ny rekord for TV-aksjonen». VG. 22. oktober 2007.
- ↑ Paal A. Svendsen og Aashild Sørheim (25. juni 2008). «Helene og Dan Børge». NRK.