Viking Fotballklubb
Viking Fotballklubb er ein fotballklubb i Stavanger. Klubben spelar i Eliteserien og har eit lag i 3. divisjon avdeling 3. Noverande hovudtrenar er Bjarne Berntsen.
Fullt namn | Viking Fotballklubb | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Dei mørkeblå | ||
Grunnlagd | 10. august 1899 | ||
Heimebane | SR-Bank Arena (kapasitet: 16 600) | ||
Styreformann | Christian Rugland | ||
Hovudtrenar | Bjarte Lunde Aarsheim, Morten Jensen | ||
Liga | Eliteserien | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
![]() |
Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899. Laget spelar heimekampane sine på Viking Stadion i Jåttåvågen. Viking Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna var Stavanger Stadion på Eiganes heimebana. Draktene til laget har mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.
Viking er den største og leiande fotballklubben i Rogaland fylke. Fotballklubben har vore mellom dei beste i norsk fotball ei rad år. Særleg på 1970-talet vann klubben mange seriemeisterskap. Lenge låg klubben på fyrsteplass på maratontabellen for øvste divisjon i norsk fotball. Etter seriegullet i 1991 har klubben ofte ikkje kjempa heilt i toppen, og har kome bak Rosenborg på maratontabellen.
Merittar Endra
Noverande tropp Endra
Oppdatert 1. juli 2020 [1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Utlån Endra
- Tord Johnsen Salte (2020)
Kjende spelarar Endra
André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kamper, 552 fram til han slutta i 2019.
Supporterklubb Endra
VikingHordene er Viking F.K. sin offisielle supporterklubb.