Candidatus magisterii, eller candidata magisterii for kvinner, forkorta cand.mag. og også kalla skuleembetseksamen, har vore ei akademisk grad i Noreg, gitt i perioden 1959 til 2003. Grada kvalifiserer til adjunktstilling i det norske skuleverket, det blir i tillegg kravd praktisk-pedagogisk utdanning for adjunktar. Cand.mag.-grada vart tilbydd i fagkrinsane realfag, samfunnsfag og humanoria, og i filologiske fag. Normal studietid var fire til fem år.[1]

Som følgje av Bologna-prosessen og Kvalitetsreforma blir ikkje cand.mag.-grada gitt lenger i Noreg.

Historikk endre

Grada candidatus magisterii blei oppretta ved Københavns Universitet i 1883, og då kalla skoleembedseksamen, etter som ho var ein føresetnad for tilsetting i latinskulen og avløysaren til latinskulen, gymnaset.[treng kjelde]

I Noreg blei cand.mag.-grada oppnådd ved bestått eksamen etter mellom 4-5 års studiar ved universitet og høgskular. Bestått ex. phil. var obligatorisk før ein kunne motta ei cand.mag.-grad. Grada gav òg rett til å ta eit hovudfag, som normalt tok ytterligare to år. Frå studieåret 2003–2004 var cand.mag.-grada erstatta av bachelor-grada.

I Danmark utgjorde grada tradisjonelt normalt 5,5 års studiar. Etter gjennomføringa av Bologna-prosessen blei cand.mag. ei femårig grad, som blir omsett til engelsk som Master of Arts. Dei første tre studieåra fører då fram til ei bachelorgrad.[treng kjelde]

Grada cand.mag. må ikkje forvekslast med magistergrada, som i moderne tid var ei 7-årig (Noreg) eller 6-årig (Danmark) utdanning med stor vekt på den vitskapelege avhandlinga, og som var nær dagens ph.d..[treng kjelde]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Raaheim og Utne (1985)

Bakgrunnsstoff endre