Dan Young
Dan Young (fødd 1938) er ein amerikansk-norsk fotograf.
Dan Young | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1938 Fort Defiance |
Død |
30. november 2014 (76 år) |
Yrke | fotograf |
Young vart fødd i Fort Defiance i Arizona og busette seg i Noreg i 1962. Same året danna han biletbyrået Manité saman med Arild Kristo og Robert A. Robinson, og var aktiv der til Manité vart lagt ned i 1967. Han vart seinare tilknytt biletbyrået Samfoto.
Han arbeidde ein periode med mote- og reklamefotografering, før han starta med dokumentarfilm i 1970.[1] Frå 1980 til 1995 har han arbeidt som stillfotograf på meir enn 40 norske filmar, og han har hatt utstillingar ved fleire museum i Oslo. Dan Youngs fotografi er kjøpt inn av ei rekkje museum i Skandinavia og USA.
Bibliografi
endre- En Amerikaner i Oslo: Fotografier 1962 - 1964, Forlaget Press (2007) ISBN 9788275472623
- Precious Times, Forlaget Press (2009) ISBN 9788275473507
Utstillingar
endre- 2004 «Passing Time, Time Past» Stenersen-museet, Oslo.
- 2004 - 2005 «Nordic Triangle», Odense, Danmark.
Referansar
endre- ↑ Morten Krogvold: 103 øyeblikk. Norske portrettfotografier utvalgt og presentert av Morten Krogvold, Dinamo Forlag (2002) ISBN 82-8071-013-2