Dana-ekspedisjonane

Dana-ekspedisjonane var ei rekkje danske marinbiologiske ekspedisjonar med fire forskjellige fartøy med same namn. Det siste av dei vart ferdigbygd i 1981.

Mest kjend er tokta til Sargassohavet og Vestindia under leiinga til Johannes Schmidt, på jakt etter gyteområda til ålen. I 1928-1930 vart «Dana» (II) sendt på jordomsegling for Carlsbergfondets oceanografiske dybhavsekspedition. Materialet frå desse store ekspedisjonane utgjer dei såkalla Dana-samlingane, som vert handsama av Carlsbergfondet.

Kjelder endre

«Dana-ekspedisjonene» i Store norske leksikon, snl.no.