Gyting er ei form for reproduksjon som finn stad utanfor kroppen ved at hoer slepp ut egg og hannar utsondrar sperm som befruktar dei.[1] Dei fleste fiskar formeirer seg gjennom gyting. Det same gjer mange andre vasslevande dyr, som skaldyr som krabbar og reker, blautdyr som østers og blekksprutar, pigghudingar som kråkeboller og sjøpølser amfibiar som froskar og salamandrar, vasslevande insekt som døgnfluger og myggar, svampar og korallar.

Gytande sjøpølse (Pearsonothuria graeffei) ved Koh Tao i Thailand.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «gyting». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2019. 
  Denne zoologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.