Sargassohavet

hav

Sargassohavet er eit hav vest i vden nordlege Atlanteren, nordaust om Cuba og Bahamas. Bermuda ligg i dei vestlege delane av havet. Sargassohavet har ingen skarpe avgrensingar, men er avgrensa av fire havstraumar: Golfstraumen i kvest, Den nordatlantiske straumen i nord, Kanaristraumen i aust og Nordekvatorialstraumen i sør. Sargassohavet består av ein stor, saktegåande vassvirvel som oppstår som eit resultat av havstraumane omkring det. Tilløp og utstrauming av overflatevatn i Sargassohavet er derfor påtakeleg mindre her enn i hav elles. Sargassohavet er som ei stort bakevje i skuggen av Golfstraumen.[1] Sargassohavet er, grovt rekna, 1 100 kilometer breitt og 3 200 kilometer langt og strekker seg mellom dei 40.–70. vestlege lengdegradene og dei 25–30 nordlege breiddegradene.

Sargassohavet med omgjevande havstraumar.

Havet har ein flatevidd på kring 5,2 millionar kvadratkilometer. Den største djupna er på 7 000 meter.[2]

Historie endre

Sargassohavet fekk namnet sitt på grunn av at området har tjukke teppe av eit spesielt slag brunalgar, sargassotang (slekta Sargassum). Den kartagiske oppdagingreiseanda Himilkon skildra på 500-talet f.Kr. Sargassohavet omtrent som er i dag. I ei reisskildring skildra han havet etter at han passerte Herakles-søylene (Gibraltarsundet):

Mykje tang vekst i dalane mellom bølgjne og sakker ned fartøya som buskar [...] Her rører havmonsteret seg langsamt hit og dit, og store monster sym likegyldig blant dei sakte krypande fartøya.
Avienus (400-talet f.Kr.)

Nærleiken til Bermuda og det mystiske Bermudatriangelet har gjeve Sargassohavet eit dårleg rykte knytt til dei mange skipa som har forsvunne i området. Dette ryktet er blitt forsterka av den ofte totale vindstila som saman med tangen kan tvinga fartøy til å driva hjelpelaust omkring.

Flora og fauna endre

 
Amerikansk ål
 
Nomeus gronovoii. Illustrasjon: Dr Tony Ayling, 1982.
 
Sargassofisk

Sargassohavet har fått namnet sitt etter dei store mengdene sargassotang (Sargassum) som flyt fritt i vatnet. Desse tangplantane kan bli opptil 300 meter lange og dannar store "skogar" som utgjer eit viktig habitat for krabbar, makkar og mange andre havdyr. Ein trur at desse plantane blir svært gamle, og veldig vel kan ha møtt Christofer Columbus då han ein gang oppdaga havet. Til Sargassohavet kjem amerikansk og europeisk ål for å gyta og yngla. Alle ålane byrjar liva sine med den langa symjeturen frå Sargassohavet til dei ulike elvene og sjøane sine på dei kringliggande kontinenta.

Dei flytande algane i Sargassohavet tilbyr både skjul og føde til hundretals dyreartar. Små virvellause dyr lever i tangen og tiltrekk store rovdyr, som igjen nærar algane gjennom avføringa si.[3] Havstraumane som driv saman sargassotangen fører også opp kringdrivande manetar og portugisisk krigsskip (Physalia physalis).'[4] Manetfiskar (Nomeidae) som lever blant dei farlege manettentaklane og livnærer seg på dyreplankton og kjønnskjertlane til maneten. Ein art av havskjelpadde, glattkarett (Caretta caretta), angrip gjerne desse fiskane som, om dei kjem ut frå skjulet sitt under maneten, risikerer å bli angripne av gullmakrellar (Coryphaena hippurus).

Sargassohavet utgjer ei frisone for sju artar havskjelpadder. Desse små skjelpaddene sym så fort dei er blitt klekte til Sargasso, der dei nokså trygt kan livnæra seg på manetar, sniglar, krabbar og reker dei første farlege åra av livet. Med kamuflasjefargar og uregelmessige former kan sargassoulkar (Antennariidae) som tangulke (Histrio histrio) leva trygt blant algane. Dei meir eller mindre går fram på tangen med dei armliknande finnane sine og fangar forbipasserande dyr gjennom å ligga blikkstilt og venta på byttet.[3]

Referansar endre

  1. «Sargassohavet». Nationalencyklopedin. Bokförlaget Bra böcker AB, Höganäs. Henta 12. november 2019. 
  2. Jorden - Illustrerat uppslagsverk, Globe Förlaget, — 2005. ISBN 91-7166-020-8. 
  3. 3,0 3,1 «Sargasso Sea - floating jungles of the Atlantic». American Museum of Natural History. 12. september 2006. Arkivert frå originalen 29 maj 2006. 
  4. «Fler vanliga och ovanliga djur 2 - Vad är en portugisisk örlogsman?». Biologi i Lund, Lunds universitet. 12. september 2006. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sargassohavet