Opna hovudmenyen
Dancing With Strangers
Studioalbum av Chris Rea
Utgjeve 1987
Sjanger Albumorientert rock
Lengd 58:54
Selskap Motown
Magnet
Produsent Chris Rea
Chris Rea-kronologi
On the Beach
(1986)
Dancing With Strangers New Light Through Old Windows
(1988)


Dancing with Strangers er det niande studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1987. Det vart den første store suksessen til Rea i Storbritannia. Det klatra heilt til andreplassen, bak Michael Jackson sitt Bad, og låg 46 veker inne på lista. Albumet selde til platinaalbumet.[1] Albumet nådde topp 10 i seks andre land, inkludert New Zealand der det nådde toppen av lista.[2]

«Let's Dance» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, og som albumet vart det ein stor hit i Storbritannia med ein 12. plass på singellista. Singelen nådde andreplassen på New Zealand.[3] Andre singlar frå albumet var «Loving You Again» (47. plass i Storbritannia), «Joys of Christmas» (67. plass i Storbritannia) og «Que Sera» (73. plass i Storbritannia).

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Chris Rea. 

# Tittel Lengd
1. «Joys of Christmas»   5:15
2. «I Can't Dance to That»   4:19
3. «Windy Town»   4:25
4. «Gonna Buy a Hat»   4:25
5. «Curse of the Traveller»   6:26
6. «Let's Dance»   4:07
7. «Que Sera»   5:23
8. «Josie's Tune»   2:19
9. «Loving You Again»   5:40
10. «That Girl of Mine»   3:41
11. «September Blue»   3:09
12. «I Don't Care Any More»   2:10
13. «Donahue's Broken Wheel»   3:02
14. «Danielle's Breakfast»   4:33

Spor 12, 13, 14 er bonusspor som ikkje finst på den originale vinylutgåva.

MedverkandeEndra

  • Chris Rea - vokal, gitar, klaverinstrument, slidegitar, synthesizer, trekkspel, miksing, produsent
  • Robert Ahwai - gitar
  • Jerry Donahue - gitar
  • Davy Spillane - gitar, sekkepipe
  • Eoghan O'Neill - bass
  • Kevin Leach - piano, klaverinstrument
  • Max Middleton - klaverinstrument
  • Martin Ditcham - perkusjon, trommer
  • Dave Mattacks - trommer
  • Adrian Rea – trommer

ProduksjonEndra

  • Stuart Ealses - lydteknikar
  • Jean Jacques Lemoine - lydteknikar
  • Justin Shirley-Smith - lydteknikar
  • Jon Kelly - miksing
  • Willie Grimston - koordinering
  • Mark Entwistle - plateomslag

KjelderEndra

  1. 1987-09-26 Top 40 Official UK Albums Archive, officialcharts.com, Henta 16. november 2015
  2. Chris Rea - Dancing With Strangers, swisscharts.com, Retrieved 16. november 2015
  3. Chris Rea - Let's Dance, swisscharts.com, Retrieved 16. november 2015