Opna hovudmenyen

David Maxwell «Max» Middleton (fødd 4. august 1946) er ein engelsk låtskrivar og klaverspelar som opphavleg var ein hamnearbeidar på hamna i London. Middleton er mest kjend for å spele Fender Rhodes elektrisk piano, Minimoog-synthesiser og Hohner clavinet. Han byrja den profesjonelle karrieren sin for Jeff Beck og spelar mellom anna på albumet hans Blow by Blow.

Max Middleton
Max Middleton.jpg
Middleton med Snowy White & The White Flames i Tyskland i 2007
Fødd4. august 1946 (73 år)
FødestadAmersham i Buckinghamshire i England
FødenamnDavid Maxwell Middleton
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerBluesrock og rock
InstrumentFender Rhodes piano, Hohner Clavinet, mellotron, elektrisk orgel, synthesizerar
Kjende instrumentFender Rhodes piano, Hohner Clavinet
Tilknytte artistarJeff Beck, The Jeff Beck Group, BBA, Hummingbird, Chris Rea, Kate Bush, Bobby Tench, Nazareth, Cleo Laine, Cozy Powell, Snowy White, Robert Ahwai, Streetwalkers, Mick Taylor
PlateselskapEpic, A&M, Atco, RCA, RL-2
Verka somMusikar

BiografiEndra

Middleton gjekk i lære som klassisk pianist, men spelte òg ein del jazz, og spelte i ungdomen i eit band kalla Flare i lag med bassisten Clive Chaman. Han vart kjend med Beck våren 1971, då Beck spelte med Chaman. Middleton var den einaste som var med frå den andre til den tredje versjonen av Jeff Beck Group. Middleton slutta i bandet og vart med i gruppa Gonzales før han igjen kom attende til Beck i 1974. I lag med Beck og andre medlemmar frå Gonzales spelte han på Beck-albumet Blow By Blow, som vart det bestseljande albumet i heile karrieren til Beck, med ein fjerdeplass på den amerikanske albumlista. Middleton spelte òg clavinett på oppfølgjaralbumet Wired.

Etter arbeidet med Jeff Beck eksploderte karrieren til Middleton, og han vart særs travel utover i 1970-åra. Han spelte i the Hummingsbirds i lag med kollegaer frå Jeff Beck Group/Flare, Bob Tench og Clive Chaman, og spelte i studio for alle frå Pete Brown til Kate Bush, og han spelte mykje med Chris Rea i 1980- og 1990-åra.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra