Daniel Franck

Daniel Franck (fødd 9. desember 1974) er ein norsk snøbrettkøyrar frå Gjerdrum i Akershus. Franck tok sølv i OL i Nagano, men gjorde det ikkje like bra i OL fire år seinare. I 1999 vann Franck både EM- og VM-gull i half-pipe. Han var med i den norske troppen til OL 2006, men måtte trekka seg på grunn av problem med ein kneskade.

Daniel Franck
Fødd 9. desember 1974 (46 år)
Lørenskog
Yrke snøbrettkøyrar

BakgrunnsstoffEndra