Daniel Passarella

Daniel Alberto Passarella (fødd 25. mai 1953) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Chacabuco som var lagkaptein for det argentinske landslaget som på heimebane vann verdsmeisterskapen 1978 etter finalesiger 3-1 mot Nederland. Perioden 1974-86 spelte han 70 landskampar for Argentina og skåra 22 landslagsmål. Som klubbspelar på River Plate var han med å vinne tre nasjonale seriemeisterskap. Passarella var midtstoppar og vert rekna som ein av dei 100 beste fotballspelarane nokon gong.

Daniel Passarella


Statsborgarskap Argentina
Fødd 25. mai 1953 (70 år)
Chacabuco
Idrett tennis, fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, VM i fotball 1982, VM i fotball 1978

Karriere endre

Klubbspel endre

Passarella spelte til 1973 på andredivisjonslaget Sarmiento. Frå 1974 til 1981 spelte han på storlaget River Plate, ein klubb han tre gongar vart metropolmeister for Buenos Aires med, like mange gongar vann laget også den nasjonale serien. Sommaren 1982 gjekk Passarella over til italienske ACF Fiorentina der han var aktiv i fire år. Han avslutta opphaldet i Italia med to sesongar i FC Inter. Etter ein siste sesong som spelar på River Plate, tok han i 1989 over som trenar for laget, ein jobb han hadde i fem år.

Landslagsspel endre

Passarella debuterte på Argentina sitt landslag i 1974. Under verdsmeisterskapen 1978 heime i Argentina var han lagkaptein for eit mannskap som syrgde for at Argentina vann fotball-VM for aller fyrste gong, etter å ha påført Nederland eit nytt finaletap i ein verdsmeisterskap. Også i Fotball-VM 1982 var Passarella lagkaptein, då for eit lag som rauk etter mellomspelet. Han var også med i VM-troppa 1986, utan å få speletid.

Trenar endre

Etter å ha vore River Plate-trenar i fem år, var Passarella landslagssjef for Argentina 1994-98 og for Uruguay 1999-2001.

Kjelder endre