Daniel (arameisk og hebraisk דָּנִיֵּאל, Dāniyyêl,[a] 'Gud er dommaren min', gresk Δανιήλ, Daniḗl) er hovudpersonen i Daniels bok i Den hebraiske bibelen og Det gamle testamentet.

Daniel i Bibelen

FøddJerusalem
DødBabylon
Opptrer iDaniels bok, Susanna i badet
Identifisert medDaniel i rabbinsk litteratur, Daniel i islam
LandKongedømmet Judea, Babylonia, Medo-persia
Daniel i løvehola, verna av ein engel. Måleri ved François Verdier.

Boka fortel at Daniel som ung mann blei ført av stad saman med tre venner i utlegd i Babylon der han blei utdanna i kaldeanske språk og kultur, men han gjekk aldri over til deira religion. Gjennom guddommeleg visdom frå sin eigen gud, den jødiske Jahve, tolka han draumane og visjonane til kongane, og blei såleis ein framståande figur ved hoffet i Babylon. Til sist hadde han eigne apokalyptiske visjonar som er blitt tolka som Dei fire verdsmonarkia.

Nokre av dei best kjende forteljingane i Daniels bok, som det blir hevda han skreiv sjølv på 500-talet f.Kr., er om Shadrak, Meshak og Abed-Nego, dei tre følgjesvennane hans som fekk trua si prøva ved å bli kasta i ein brennande omn; Skrifta på veggen der ei overnaturleg handskrift føreseier undergangen til det babylonske riket; og Daniel i løvehola, der han overlever denne prøvinga med guddommeleg hjelp.

Daniel blir rekna som ein profet innan kristendommen og av islam, men i den rabbinske litteraturen er han ikkje lista saman med profetane, og er dermed ikkje rekna som ein profet i jødedommen.

Det moderne teologiske synet forstår forfattaren av Daniels bok ikkje som Daniel sjølv, men ein anonym forfattar som levde i den makkabeiske perioden under Antiokos IV Epifanes i løpet av 100-talet f.Kr. og som sette saman oldtidslegender med ein pseudepigrafi beståande av «visjonar».[1][2][3]

Merknadar endre

  1. I Dan 6,22, men ingen andre stader, er det arameiske namnet דָּנִיֶּאל.

Kjelder endre

  1. VanderKam & Flint 2002, ss. 137–138
  2. Collins 1994, s. 2
  3. Collins 1994, s. 122–123