Danningsroman er ein romantradisjon der ein skildrar livsløpet til hovudpersonen, med prøvinga og modning fram til ein oppnår «danning».

Omgrepet Bildungsroman stammar frå tysk opplysingstid, og blei introdusert av filologen Johann Carl Simon Morgenstern. På engelsk og fleire andre språk brukar ein det tyske ordet Bildungsroman.

Danningsromanen som sjanger har forløparar i litteratur frå antikken og mellomalderen, men voks fram samtidig med romanen som sjanger på 1700-talet. Etter Goethe er det eit karakteristisk trekk ved sjangeren at innhaldet i danninga blir problematisert.

Kjende danningsromanar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Danningsroman; frå Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier (pdf-fil)