Christoph Martin Wieland

tysk diktar, forfattar og omsetjar

Christoph Martin Wieland (fødd 5. september 1733 i Oberholzheim, no del av Achstetten, død 20. januar 1813) var ein tysk diktar, forfattar og omsetjar.

Christoph Martin Wieland

Statsborgarskap Biberach an der Riß
Fødd 5. september 1733
Biberach an der Riß, Oberholzheim
Død

20. januar 1813 (79 år)
Weimar

Yrke lyrikar, omsetjar, skribent, universitetslærar, diktarjurist
Medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet, Akademie gemeinnütziger Wissenschaften, Académie des inscriptions et belles-lettres, Det bayerske vitskapsakademiet
Far Thomas Adam Wieland
Mor Regine Catherine Kick
Signatur
Christoph Martin Wieland på Commons

Wieland var ved sida av Gotthold Ephraim Lessing, Georg Christoph Lichtenberg og Immanuel Kant, ein av dei viktigaste forfattarane i tyskspråklege område i opplysingstida. Han var den eldste av dei såkalla «fire stjernene frå Weimar» som danna kjernen i Weimarklassisismen. Dei øvrige var Johann Gottfried Herder, Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich von Schiller.

Wieland er spesielt kjent for boka Geschichte des Agathon som kom ut i 1766-67. Ho er rekna som den første tyske danningsromanen. I perioden 1762-66 omsette han 22 av Shakespeare sine i alt 37 drama til tysk. Han utgav tidsskriftet Der teutsche Markus i perioden 1773-89.

Geschichte der Abderiten (1887)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Christoph Martin Wieland
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Christoph Martin Wieland