Dari er eit språk som blir tala i Afghanistan og i delar av Iran og Pakistan. Det blir tala av rundt ein tredel av innbyggjarane i Afghanistan, og er eitt av dei to offisielle språka i landet, saman med pasjto. Dari har rundt 7 600 000 talarar i Afghanistan (folketeljing 2011) og 9 600 000 totalt.

Dari
دری [daɾi]
فارسی دری, [fɒɾsije daɾi]
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Iransk
   Vest-iransk
    Persisk
Bruk
Daritalande i alt 7-10 millionar
Skriftsystem Persisk
Offisiell status
Offisielt språk i Afghanistan
Språkkodar
ISO 639-3 prs

Dari liknar på farsi, og blir ofte rekna som ein variant av dette. Talarar av dei to språka kan forstå kvarandre utan større problem. Språka har ganske lik syntaks og morfologi, men har større skilnader i fonologien. Til dømes har dari dei to lange vokalane o og e som ikkje finst i farsi. Dari er også i slekt med balutsji, kurdisk og gilaki.

Språket blir skrive med det persiske alfabetet, ein variant av det arabiske. Rundt 28 % av talarane kan skriva språket. Dari blir brukt i media, både skriftleg og munnleg. I radio bruker ein typisk ein standardisert uttale som byggjer på skriftspråket og tradisjonell, arkaisk uttale.

Kjelder endre

  • dari (28.02.2013) i Store norske leksikon
  • Dari hos Ethnologue
  • Dari Arkivert 2011-06-05 ved Wayback Machine. hos UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles

Bakgrunnsstoff endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.