Darren Fletcher

Darren Barr Fletcher (fødd 1. februar 1984) er ein skotsk fotballspelar som var med om å vinne ei rad store fotballturneringar gjennom sine 12 år med Manchester United. Midtbanespelaren er sidan 2017 Stoke City-spelar. Fletcher deltok i 80 landskampar for Skottland i tida 2003-17.

Darren Fletcher

Darren Fletcher 2017.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1. februar 1984
Edinburgh
Idrett fotball

AktivEndra

KlubbspelEndra

Fletcher fekk sin debut i Manchester United i mars 2003. Han var jamt og samt å sjå i fyrsteellevaren i åra fram til 2011, sidan fekk han færre kampar, heilt til dess han skreiv kontrakt med ligakollega West Bromwich Albion i februar 2015. Her var han fast på fyrstelaget i to og ein halv sesong. Sommaren 2017 skifta han over til Stoke City, ein klubb som rykte ned til nivå to ved sesongslutt i 2018.

LandslagsspelEndra

Fletcher sin landslagdebut fann stad på Ullevål stadion i Oslo den 20. august 2003, som innbytar. I vennskapskampen makta korkje Noreg eller Skottland finn vegen til nettmauskane. Fram til oktober 2017 spelte Fletcher 80 landskampar for Skottland og skåra 5 landslagsmål. Han var lagkaptein 35 gongar, laget makta aldri å kvalifisere seg til ei stor landslagsturnering i hans speletid.

MerittarEndra

  • Engelsk ligameister: 2007, 2008, 2009, 2011 med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 2004 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 2010 med Manchester United

KjelderEndra