Dataspelet Fez
Fez er eit hjernetrim-plattformspel utvikla av Polytron Corporation og utgjeve av Trapdoor. Spelaren styrer figuren Gomez, som får ein fess som avdekker at den todimensjonale verda hans er ei av fire sider i ei tredimensjonal verd. Spelaren kan rotere mellom desse fire todimensjonale perspektiva for å omstille plattformer og løyse gåtene i spelet. Målsettinga i spelet er å samle kubar og brotstykke av kubar for å bøte på uordenen som har oppstått i universet.[1]
Fez | |||
| |||
Utviklar(ar) | Polytron Corporation | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Trapdoor | ||
Distributør | Xbox Game Studios, Steam, Epic Games Store, Humble Store, App Store, PlayStation Store, GOG.com, Nintendo eShop | ||
Produsent(ar) | Thomas Scott Marie-Christine Bourdua | ||
Design(ar) | Phil Fish | ||
Komponist(ar) | Disasterpeace | ||
Plattform(er) | Xbox 360, Microsoft Windows, OS X, Linux, PlayStation 3, PlayStation 4, PlayStation Vita, iOS | ||
Utgjeving | Xbox 360 13. april 2012 Microsoft Windows 1. mai 2013 Linux, OS X 11. september 2013 PS3, PS4, PS Vita 25. mars 2014 iOS 13. desember 2017 | ||
Sjanger | Plattform, hjernetrim, | ||
Spelemodus | Einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Nettstad | http://fezgame.com/ |
Fez vann fleire prisar og fekk positive omtalar. Det hadde selt over ein million kopiar mot slutten av 2013. Ein planlagd oppfølgjar vart kansellert då Phil Fish brått forlét spelbransjen.[2]
Kjelder
endre- ↑ «ANMELDELSE: Fez». Gamer.no. 3. mai 2012. Henta 8. februar 2020.
- ↑ «Fez II er kansellert». Gamer.no. 29. juli 2013. Henta 8. februar 2020.