Dataspelet Kaptein Sabeltann

videospill

Kaptein Sabeltann er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows. Det vart presentert for første gong på ein pressekonferanse i Oslo i mars 2004 og utgjeve den 20. oktober same året av Pan Vision.[1] Handlingsgangen og settingane i spelet er basert på den animerte langfilmen Kaptein Sabeltann frå 2003.

Kaptein Sabeltann
Utviklar(ar)ArtPlant
Utgjevar(ar)Pan Vision
Plattform(er)Microsoft Windows
UtgjevingNO: 20. oktober 2004
SjangerAction-eventyr
Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse→

Spelaren kontrollerer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker éin tast til å gjere handlingar i spelet, som å klatre, grave eller slåst.[2] Målsettinga for spelet er å samle inn bitar av eit kart som leier til Grusomme Gabriels skatt, og det er delt inn i ulike omgjevnader henta frå Kaptein Sabeltann-universet. Spelet bruker dei same stemmeskodespelarane som langfilmen frå 2003 og bruker filmklipp frå denne filmen for å føre historia vidare mellom kapitla.[3][4]

Spelet hadde i november 2007 selt over 20 000 kopiar.[5] Ein oppfølgjar vart utgjeven til Microsoft Windows i 2007 under tittelen Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse.

Kjelder endre

  1. «Drømmen om De syv hav». VG. 29. oktober 2004. Henta 12. januar 2020. 
  2. «Kaptein Sabeltann blir spill». VG. 18. mars 2004. Henta 12. januar 2020. 
  3. «Hiv og hoi!». Dagbladet. 7. oktober 2004. Henta 12. januar 2020. 
  4. «ANMELDELSE: Kaptein Sabeltann». Gamer.no. 28. november 2004. Henta 12. januar 2020. 
  5. «På nye tokt med Kaptein Sabeltann». Dagbladet. 22. november 2007. Henta 5. mars 2020.