Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse

Norsk dataspill

Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows. Det er ein oppfølgjar til PC-spelet Kaptein Sabeltann frå 2004 og vart utgjeve i Noreg den 23. november 2007.[1]

Kaptein Sabeltann
Grusomme Gabriels forbannelse
Utviklar(ar)ArtPlant
Utgjevar(ar)Norsk spilldistribusjon
Plattform(er)Microsoft Windows
UtgjevingNO: 23. november 2007
SjangerAction-eventyr
←Dataspelet Kaptein Sabeltann  ·

Spelet byggjer vidare på spelemekanikkene frå forgjengaren og introduserer nye figurar frå Sabeltann-universet, som heksa Miriam, Greven av Gral og Maga Kahn.[2] Spelaren styrer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker mellomromstasten for å samhandle med omgjevnadene i spelet. Målsettinga er å oppheve ein forbannelse forårsaka av sjøspøkelset Grusomme Gabriel.

Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse vart nominert til «Årets norskspråklege spel» og «Årets barnespel» under prisutdelinga Gullstikka 2008.[3] Det tok prisen for «Beste nordiske barnespel» under Nordic Game Awards i 2008.[4]

Kjelder endre

  1. «På nye tokt med Kaptein Sabeltann». Dagbladet. 22. november 2007. Henta 5. mars 2020. 
  2. «Eventyrlig opplevelse». VG. 11. desember 2007. Henta 5. mars 2020. 
  3. «Her er Gullstikka-vinnerne». Gamer.no. 6. mars 2008. Henta 5. mars 2020. 
  4. «Prisdryss til Kaptein Sabeltann». Adressa. 18. mai 2008. Henta 5. mars 2020. [daud lenkje]