Davíð Oddsson

islandsk diplomat og politikar

Davíd Oddsson (fødd 17. januar 1948) er ein islandsk politikar og jurist frå Reykjavik. Han var statsminister på Island frå 1991 til 2004.

Davíð Oddsson
Bilden ar tagen vid Nordiska radets session i Oslo, 2003.jpg
Fødd17. januar 1948 (74 år)
Reykjavík
Statsborgar avIsland
PartiSjálfstæðisflokkurinn
Yrkepolitikar, diplomat, skribent, advokat, journalist, bankier, lyrikar
Utdanna vedHáskóli Íslands
BarnÞorsteinn Davíðsson

Davíð var borgarmeister i Reykjavík 1982–91. I 1991 vart han vald inn i Alltinget, samstundes som han vart vald til formann i den konservative Sjálfstæðisflokkurinn. Frå 30. april 1991 var han statsminister i ei koalisjonsregjering med sosialdemokratane. Etter danna 1995 partiet hans regjeringskoalisjon med Framsóknarflokkurinn. Den 15. september 2004 bytta Davíð posisjon med Halldór Ásgrímsson, leiar i Framsóknarflokkurinn, og var dei neste 12 månadene utanriksminister. Allereie i oktober 2005 fekk Davíð stillinga som styreleiar i den islandske sentralbanken. Etter den islandske finansnæringa og økonomien kollapsa hausten 2008, vart han sterkt kritisert og tvinga til å trekke seg frå stillinga i februar 2009.

KjelderEndra