Dave Rowberry
David Eric «Dave» Rowberry (4. juli 1940–6. juni 2003) var ein engelsk pianist og organist som var best kjend som medlem av rock- og R&B-gruppa The Animals i 1960-åra.
Dave Rowberry | |||
Fødd | 4. juli 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mapperley | ||
Død | 6. juni 2003 (62 år) | ||
Dødsstad | London Borough of Hackney | ||
Fødenamn | David Eric Rowberry | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra–2003 | ||
Sjanger | rock and roll | ||
Instrument | orgel, piano | ||
Tilknytte artistar | The Animals, Mike Cotton, Shut Up Frank | ||
Plateselskap | Mouse Records | ||
Verka som | organist, komponist, pianist |
Dave Rowberry vart med i The Mike Cotton Jazzmen (seinare The Mike Cotton Sound) i 1962, og spelte med dei fram til Alan Price brått slutta i The Animals i 1965.[1] Ifølgje songar Eric Burdon, så vart Rowberry, sjølv om han var ein dugande musikar, delvis vald inn i bandet fordi han hadde ein liknande utsjånad som Price.
Rowberry spelte på mange av dei store hittane til gruppa, som «We Gotta Get Out of This Place», «It's My Life», «Don't Bring Me Down», «Inside-Looking Out» og «See See Rider». På fleire av songane vart Rowberry tilskriven som arrangør. Han song òg korvokal på fleire av songane og var stundom med som låtskrivar.
Etter at The Animals vart oppløyste i 1966 vart Rowberry studiomusikar, mellom anna på The Kinks-albumet Everybody's in Show-Biz. Rowberry spelte òg på mange album av bluesartisten Dana Gillespie i 1980- og 1990-åra.
Rowberry døydde i London av magesårbløding den 6. juni 2003, 62 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dave Rowberry» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 146. CN 5585.