Opna hovudmenyen

We Gotta Get out of This Place

We Gotta Get out of This Place
Singel av The Animals
frå albumet Animal Tracks
B-side «I Can't Believe It»
Utgjeve Juli 1965 (UK)
September 1965 (USA)
Innspelt 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:17
Selskap Columbia Graphophone (UK)
MGM Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi
«Bring It On Home to Me»
(1965)
We Gotta Get out of This Place «It's My Life»
(1965)


«We Gotta Get out of This Place», ofte skriven «We've Gotta Get out of This Place», er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil og spelt inn som ein hitsingel av The Animals i 1965. Det har vorte ein ikonisk song og var særs populær blant dei amerikanske styrkane under Vietnamkrigen.

I 2010 vart songen rangert på 235. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han er òg på lista til The Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

HistorieEndra

Barry Mann og Cynthia Weil var eit ektepar som skreiv songar i Brill Building-miljøet i New York City i 1960-åra.[1]

«We Gotta Get out of This Place» vart skriven og spelt inn som ein demo av Mann og Weill, og var meint for The Righteous Brothers. Dei hadde tidlegare skrive den store hitten «You've Lost That Lovin' Feelin'» for dei. Men så fekk Mann eigen platekontrakt for seg sjølv, og selskapet hans Redbird Records ønskte at han skulle gje ut songen i staden. Samstundes hadde direktøren i selskapet Allen Klein høyrt songen og gjeve demoen til Mickie Most, produsent for The Animals. Most hadde alt bestilt songar frå Brill Building-låtskrivarane for den neste innspelinga til gruppa[2]), og The Animals spelte inn songen før Mann kunne.

Songen nådde andreplassen på den britiske singellista den 14. august 1965.[3] Månaden etter nådde han 13. plass i USA og i september andreplass i Canada.

InnverknadEndra

På denne tida gjorde tittelen og den enkle appellen «me må bort her frå» at han vart særs populær på avslutningsfestar. Songen vart òg særs populær for dei amerikanske styrkane stasjonerte i Sør-Vietnam under Vietnamkrigen.[4]

SalslisterEndra

Liste (1965) Plassering
Canadian Singles Chart 2
Den tyske singellista[5] 31
UK Singles Chart[6] 2
US Billboard Hot 100[7] 13

Andre versjonarEndra

Songen vart spelt inn av mange andre artistar, som The Partridge Family (1972), Bruce Springsteen, Udo Lindenberg (på tysk), Blue Öyster Cult (1978), Steve Bender (1978), Gilla (1979), Angelic Upstarts (1980), Grand Funk Railroad (1981), David Johansen (1982), Fear (1982), Richard Thompson (1988), Jello Biafra og D.O.A. (1989), Randy Stonehill (1990), Bon Jovi (1992), Midnight Oil (1993, MTV Unplugged), Space (1998), Southside Johnny (2000-åra), Widespread Panic (2005), Ann Wilson med Wynonna Judd (2007) og Alice Cooper (2011) samt mange andre.

KjelderEndra

  1. «Barry Mann & Cynthia Weil». The Official Barry Mann and Cynthia Weil Web site. Arkivert frå originalen 2007-03-21. Henta 17. desember 2011. 
  2. «Songwriter Carl D'Errico Interviewed by Mick Patrick». Spectropop. Henta 18. februar 2007. 
  3. «The Animals». Rock and Roll Hall of Fame. 1994. Arkivert frå originalen 2007-02-02. Henta 18. februar 2007. 
  4. Will Higgins (29. april 2002). «'Nam deejays air their memories». The Indianapolis Star. Henta 17. desember 2011. 
  5. «Chartverfolgung / The Animals / Single». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Henta 22. juli 2012. 
  6. «The Animals». Rock and Roll Hall of Fame. 1994. Arkivert frå originalen 2007-02-02. Henta 18. februar 2007. 
  7. The Animals USA chart history, Billboard.com. Henta 22. juli 2012.