It's My Life av The Animals
It's My Life Singel av The Animals | ||
B-side |
«I'm Going to Change the World» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:09 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Roger Atkins, Carl D'Errico | |
Produsent | Mickie Most | |
The Animals-kronologi | ||
«We Gotta Get Out of This Place» (Juli 1965) |
It's My Life | «Inside-Looking Out» (Februar 1966)
|
«It's My Life» er ein song skriven av Brill Building-låtskrivarane Roger Atkins og Carl D'Errico. Songen vart opphavleg spelt inn av det britiske rockebandet the Animals, som gav songen ut som singel i oktober 1965.
Songen vart ein hit i fleire land, og har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som Bruce Springsteen.
The Animals-versjonen
endreD'Errico, som skreiv musikken, og Atkins, som skreiv teksten, var profesjonelle låtskrivarar tilknytte Brill Building-miljøet i New York City. «It's My Life» vart skriven spesifikt for The Animals etter at produsent Mickie Most hadde bestilt songar til den nye innspelinga deira. Andre songar som kom samstundes til bandet var «We Gotta Get Out of This Place» og «Don't Bring Me Down».
Songen vart driven fram av eit bassgitar-riff av Chas Chandler, i lag med ein ringande elektrisk 12-strengs gitar frå Hilton Valentine.
«It's My Life» hadde premiere på det amerikanske fjernsynsshowet Hullabaloo hausten 1965.
Lister
endreListe (1965) | Plassering |
---|---|
Canada[1] | 2 |
Noreg | 5 |
Storbritannia | 7 |
USA - Billboard Hot 100[2] | 23 |
Andre versjonar
endreAndre artistar som har spelt inn eller framført songen er Bruce Springsteen, David Johansen, Alcatrazz og Bon Jovi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's My Life (The Animals song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «R.P.M. Play Sheet» (PHP). RPM. Vol. 4 (No. 17). December 20, 1965. Henta April 1, 1965.
- ↑ Whitburn, Joel (2010). «Chapter 1: The Artists». The Billboard Book of Top 40 Hits (9th utg.). Billboard Books. s. 32. ISBN 9780823085545.