Dave Watson
David Vernon Watson (fødd 5. oktober 1946) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Stapleford. Han var midtstoppar, sterk på hovudet og i duellspel. Watson spelte mellom andre på Sunderland AFC, Manchester City og Southampton FC. Han vann 65 kampar med det engelske herrelandslaget, og var kaptein ved tre høve.[1]
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | David Vernon Watson[1] | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Ungdomsklubbar | |||
Stapleford O.B | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1966–1967 | Notts County | 25 | (1) |
1967–1970 | Rotherham United | 121 | (19) |
1970–1975 | Sunderland | 177 | (27) |
1975–1979 | Manchester City | 146 | (4) |
1979 | Werder Bremen | 2 | (0) |
1979–1982 | Southampton | 73 | (7) |
1982–1983 | Stoke City | 59 | (5) |
1983 | Vancouver Whitecaps | 26 | (3) |
1983–1984 | Derby County | 34 | (1) |
1984 | Fort Lauderdale Sun | ||
1984–1985 | Notts County | 25 | (1) |
1985–1986 | Kettering Town | 10 | (3) |
Totalt | 698 | (71) | |
Landslag | |||
1974–1982 | England | 65 | (4) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Karriere
endreKlubbspel
endreWatson gjorde i tida 1966-86 teneste i 11 ulike fotballklubbar. Han utmerkte seg i Rotherham United og vart i desember 1970 overført til Sunderland i 2. divisjon. 5. mai 1973 bidrog han til at Sunderland vann FA-cupfinalen med 1-0 over storfavoritt Leeds United. Sommaren 1975 skreiv han kontrakt med Manchester City, her var han med å vinne ligacupfinalen 1976 med 2-1 over Newcastle United. 1979-82 spelte han mange gode kampar for Southampton FC. Han la opp etter 810 klubbkampar og 80 skåringar.
Landslagsspel
endreWatson spelte 65 landskampar for England i tida frå april 1974 til juni 1982. Han debuterte i Lisboa og avslutta i Reykjavik, begge desse kampane enda uavgjort. Watson deltok i alle England-kampane under EM i fotball 1980, der laget rauk ut i gruppespelet. 10. september 1980 hadde han ein roleg kveld då Noregs utvalde vart slått 4-0 på Wembley stadion i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 1982. Watson skåra fire landslagsmål, to mot Nord-Irland og to mot Bulgaria, fordelt på fire ulike kampar i 1979.
Merittar
endre- Vinnar av FA-cupen: 1973 med Sunderland AFC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1976 med Manchester City
- Andreplass i den engelske ligaen: 1977 med Manchester City
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Matthews, Tony (1994). The Encyclopaedia of Stoke City. Lion Press. ISBN 0-9524151-0-0.
- Denne artikkelen bygger på «David Watson (footballer, born 1946)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2024.