David Johansen

amerikansk songar

David Roger Johansen (fødd 9. januar 1950) er ein amerikansk songar innan rock, protopunk, blues og pop. Han er òg låtskrivar og skodespelar og mest kjend som medlem av det viktige protopunkbandet The New York Dolls. Han hadde òg suksess under pseudonymet Buster Poindexter.

David Johansen

Johansen i Toronto i februar 2008
Fødd9. januar 1950 (74 år)
Staten Island, New York,
USA
FødestadStaten Island
FødenamnDavid Roger Johansen
AliasBuster Poindexter
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
SjangerGlamrock, protopunk, punkrock, glampunk, blues, lounge, calypso
InstrumentVokal, munnspel, gong
Tilknytte artistarNew York Dolls, Buster Poindexter
PlateselskapColumbia Records
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar
Gift medCyrinda Foxe

David Johansen har irske og norske anar.

Historie endre

Johansen vart med i det første bandet sitt, the Vagabond Missionaries, då han var i tenåra. Han spelte ei stund med Fast Eddie & the Electric Japs, før han prøvde seg på teaterscenen som skodespelar. Han møtte så bassisten Arthur Kane, som inviterte han med seg i bandet sitt, Actress. Etter å ha endra namn på bandet til New York Dolls, byrja gruppa å byggje eit rykte for den truande, skarpe musikken sin, den doppåverka livsstilen og det særs rare, drag queen-inspirerte glamimaget sitt.[1] Ingen av dei to albuma til bandet frå 1973 og 1974 gjorde det særleg bra og bandet braut offisielt saman i 1975. Johansen og gitarist Syl Sylvain heldt fram som New York Dolls i to år til, før dei omsider gav seg i 1977. Johansen la då ut på ein solokarriere, men gjorde det ikkje noko betre enn Dolls gjorde.[1] Med produsent Mick Ronson gav han i 1979 ut det Motown-aktige soulalbumet In Style og følgde opp i 1981 med det kommersielle Here Comes the Night. Konsertplata frå 1982, Live It Up, gav han speletid på radio med ein medley av the Animals-songane «We Gotta Get Out of This Place», «It's My Life» og «Don't Bring Me Down», men Johansen vart tvungen til å tenke over karrieren sin då det dance-aktige Sweet Revenge i 1984 gjorde det dårleg. Mot slutten av 1984 dukka han opp att som Buster Poindexter, ein påstått etnomusikkforskar med stor kjennskap til R&B-musikk. Johansen gav ut fleire plater i 1980-åra som Buster, som i 1990-åra utvikla seg til ein lounge-swing-musikar, som førutdaterte lounge-kitsch-bølgja ein fekk utover 90-åra.[1]

Etter kvart som Poindexter vart meir populær starta han å fronte eit storband kalla the Banshees in Blue og fekk ein fast tilhengjarskare i New York-området. I 1987 gav han ut albumet Buster Poindexter, som inneheldt partyklassikaren «Hot Hot Hot». Mot slutten av 1980-åra tok han òg opp skodespelarkarrieren sin att og spelte i Married to the Mob og Scrooged.

I 2004 vart New York Dolls samla på ny og har vore aktive sidan då.

Diskografi endre

 
Johansen i 2011

Solo endre

Buster Poindexter endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre