David Cyril Kent (fødd 3. februar 1941)[1] er ein australsk musikkhistorikar og forfattar innan popkultur. Kent produserte Kent Music Report, som samla inn den nasjonale musikklista i Australia frå mai 1974 til 1996; ho var kjend som Australian Music Report frå 1987.[2] Musikkrapportane var ein liste over dei nasjonale top 100 listeposisjonane av singlar og album som kom ut kvar veke.[2][3]

David Kent
Statsborgarskap Australia
Fødd 3. februar 1941 (83 år)
Mount Lawley
Yrke musikkhistorikar, historikar, skribent

Kent sine musikkrapportar blei nytta av Australian Recording Industry Association (ARIA) som offisielle ARIA Charts frå midten av 1983 til juli 1988, då ARIA utvikla sine eigne lister.[2]

Kent heldt fram med å gje ut Australian Music Report kvar veke fram til 1996.[2] I 1993 samla han listene sine i ei bok, Australian Chart Book, 1970-1992.[4] Han følgde opp med Australian Chart Book (1940-1969) i 2005,[5] Australian Chart Book (1993-2005) i 2006,[6] og The Australian top 20 book (1940-2006) i 2007.[7]

Kjelder

endre
  1. Mathews, Wallace H., Certified Copy of Register of Birth, Perth: Western Australia District Registrar, «3rd February 1941, Ellesmere Rd., Mt.Lawley (sic 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lowe, Daniel (2003). «Australian Chart History». Arkivert frå originalen 21 November 2005. Henta 22 March 2009. 
  3. «David Kent». nla.gov.au. National Library of Australia. Henta 20 March 2009. [daud lenkje]
  4. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  5. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra, NSW. ISBN 0-646-44439-5. 
  6. Kent, David (2006). Australian Chart Book (1993–2005). Turramurra, NSW. ISBN 0-646-45889-2. 
  7. Kent, David (2007). The Australian top 20 book (1940–2006). Turramurra, NSW: Australian Chart Book, 2007. ISBN 978-0-646-47665-0.