Dayron Robles (fødd 19. november 1986) er ein cubansk hekkeløpar. Den 12. juni 2008 sette han verdsrekord på 110 meter hekk med 12,87 sekund på eit stemne i Ostrava i Tsjekkia

Dayron Robles


Statsborgarskap Cuba
Fødd 19. november 1986 (37 år)
Guantánamo
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Robles vart fødd i Guantánamo. I innandørsverdsmeisterskapen i friidrett i Moskva i 2006 kom han på andreplass på 60 meter hekk med personleg rekord på 7,46 sekund, ei tid han sidan har forbetra til 7,33 sekund. Han er dermed den nest raskaste nokon sinne innandørs, etter Colin Jackson. Under innandørsverdsmeisterskapen i 2008 i Valencia kom han ikkje til finalen på 60 meter hekk, grunna ein personleg feil. Robles hadde vore favoritt til å vinna meisterskapen. Robles vann gullmedalje under sommar-OL 2008 i Beijing på 110 meter hekk med tida 12.93.

Merittliste (27. juli 2008) endre

År Turnering Stad Resultat Distanse
2003 Ungdomsverdsmeisterskap Sherbrooke, Canada 6. 110 m hekk
2004 Juniorverdsmeisterskap Grosseto, Italia 2. 110 m hekk
2005 Sentralamerikansk og karibisk meisterskap Nassau, Bahamas 2. 110 m hekk
2006 Innandørsverdsmeisterskap Moskva, Russland 2. 60 m hekk, 7,46 s pers
2006 Sentralamerikanske og karibiske leikar Cartagena, Colombia 1. 110 m hekk, 13,12 s
2007 Panamerikanske leikar Rio de Janeiro, Brasil 1. 110 m hekk, 13,25 s
2007 Verdsmeisterskapen i friidrett Osaka, Japan 4. 110 m hekk, 13,15 s
2007 IAAF friidrettsfinale Stuttgart, Tyskland 1. 110 m hurdles, 12,92 s
2008 2008 Golden Spike Ostrava, Tsjekkia 1. 110 m hekk, 12,87 s verdsrekord