DeAnna Marie Price (fødd 8. juni 1993) er ein USA-amerikansk sleggjekastar som i 2019 vart verdsmeister i øvinga og i 2023 la beslag på bronseplassen i verdsmeisterskapen.

DeAnna Price


Statsborgarskap USA
Fødd 8. juni 1993 (30 år)
Saint Charles
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016 – Sleggekast kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner

Aktiv endre

Price enda på åttandeplass i sleggjetevlinga under Sommar-OL 2016, året etter vart ho nummer 9 i VM-finalen i London. I 2018 sette ho USA-amerikansk rekord med 78,12 meter då ho i Des Moines triumferte for fyrste gong i den nasjonale meisterskapen. Året etter forbetra ho rekorden til 78,24 m då ho forsvarte meister-tittelen. Under verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 kasta ho 77,54 meter i finalen og sikra dermed seg og USA den fyrste VM-medaljen i sleggjekasting.

Den 24. juni 2021 slengde Price sleggja heile 80,31 meter ved dei nasjonale uttaks-tevlingane, ho vart dermed den andre kvinnelege sleggjekastaren som kasta over 80 meter. Ein månad seinare måtte ho med eit bestekast på 73,09 m ta til takke med ein åttandeplass i OL-finalen i Tokyo. Under VM i friidrett 2023 i Budapest vann ho bronsemedaljen med eit kast 75,41 meter.

Kjelder endre