deLillos

(Omdirigert frå De Lillos)

deLillos er ei rockegruppe som blei skipa i Oslo i 1984. Gruppa blir rekna som eit av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke og Valentinerne blir deLillos referert til som ei av dei fire store norske rockegruppene frå den nemnte perioden.

Historia

endre

Namnet deLillos kom etter forslag frå Ola Snortheim, som frontfigur Lars-Lillo Stenberg hadde spelt inn ein demotape saman med i 1983. deLillos kan fyrst og fremst kjenneteiknast gjennom tekstane og den karakteristiske stemma til frontfiguren Lars Lillo-Stenberg. Dei norskspråklege tekstane er skrivne i ei naivistisk form, noko ein kan sjå i sentrale songar som « Min beibi dro avsted» og «Tøff i pyjamas», begge henta frå debutalbumet «Suser avgårde». Dette albumet frå 1986 blir saman med «Hjernen er alene» frå 1989 og «Neste sommer» frå 1993 rekna som dei viktigaste for gruppa. For «Neste sommer» fekk dei Spellemannprisen 1993 i klassa rock. Albumet «Sent og tidlig» gav dei Spellemannsprisen 1995 i klassa gruppe. Bandet vann også Gammleng-prisen i klassa pop i 1994.

I tillegg til Lars-Lillo Stemberg har også far hans, Per Lillo-Stenberg, og bassist Lars Fredrik Beckstrøm skrive fleire av songtekstane til deLillos. I 2005 blei Lars Lillo-Stenberg og Rune Lindstrøm samde om å sameina det «originale deLillos» som eit sideprosjekt. Dei hadde ein konsert på klubben Elm Street i Oslo i november same året for å feire samlinga under namnet deLillos'85

deLillos vart oppretta i 1984 var det berre tre medlemmer, Lars Lillo-Stenberg, Lars Frederik Beckstrøm og Rune Lindstrøm, men samansettinga endra seg fire gonger fram til 1991. I tillegg til Stenberg og Beckstrøm er Lars Lundevall og Øystein Paasche med i dag.

Medlemmer

endre

Utgjevingar

endre

Bakgrunnsstoff

endre