Dean Ford

Dean Ford (5. september 194631. desember 2018, fødd som Thomas McAleese) var ein skotsk songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist og frontmann i beatgruppa Marmalade frå 1966 til 1974. Ford var med å skrive hittar for bandet som «Reflections of My Life», som har selt meir enn to millionar eksemplar verda over.[1]

Dean Ford
Dean Ford - recent.jpg
Fødd5. september 1946(1946-09-05)
FødestadCoatbridge
Død31. desember 2018 (72 år)
DødsstadLos Angeles i USA
FødenamnThomas McAleese
AliasDean Ford
OpphavCoatbridge i North Lanarkshire i Skottland
Aktiv1963–2018
SjangerPop, rock
Tilknytte artistarDean Ford and the Gaylords, Marmalade
PlateselskapEMI Columbia, CBS, Decca, EMI
Verka somSongar, låtskrivar

Tidleg i 1960-åra song han i Dean Ford and the Gaylords, før han etter tre år vart songar i Marmalade. Ford starta ein solokarriere etter Marmalade og gav ut debutalbumet sitt i 1975, produsert av Alan Parsons.[2] Samarbeidet hans med Parsons strekte seg til at han vart gjestevokalist på Pyramid av The Alan Parsons Project i 1978.

Ford flytta til USA i slutten av 1970-åra, der han sleit med alkoholisme, før han vart edru i 1986.[3]

I 2003 vart han med i ei ny utgåve av The Sensational Alex Harvey Band.[4] Ford gav ut det andre soloalbumet sitt, Feel My Heartbeat, i2017.[5] Han gav ut albumet My Scottish Heart to månader før han døydde. Han døydde av sjukdom knytt til Parkinsons sjukdom.[6][7]

DiskografiEndra

  • Dean Ford
  • «Radio Heart» / «Let It Rain»
  • Feel My Heartbeat
  • My Scottish Heart

Kjende songarEndra

År Song Låtskrivar Listeplassering
1967 «I See the Rain» Campbell-McAleese Nr. 23 Nederland
1969 «Reflections of My Life» Campbell-McAleese Nr. 3 UK, nr. 7 US-Cashbox, nr. 10 US, nr. 21 US-AC
1970 «Rainbow» Campbell-McAleese Nr. 3 UK, nr. 7 US-AC, nr. 51 US
1971 «My Little One» Campbell-McAleese No. 15 UK, nr. 31 US-AC, nr. 123 US

KjelderEndra

  1. «The Marmalade». Carlinmusic.com. Henta 13. november 2015. 
  2. «Dean Ford». hitparade.ch. Hung Medien. Arkivert frå originalen 7. mars 2016. Henta 9. november 2015. 
  3. https://www.theguardian.com/music/2019/jan/02/dean-ford-marmalade-dies-aged-72
  4. Kielty, Martin (2004). SAHB Story: The Tale of The Sensational Alex Harvey Band. Neil Wilson Publishing LTD. s. 165–167. ISBN 978-1-906476-76-2. 
  5. «Dean Ford». Pledgemusic.com. Henta 9. november 2015. 
  6. «Marmalade Vocal Legend Dean Ford Passes Away». BroadwayWorld.com (på engelsk). Henta 29. mars 2020. 
  7. Beaumont-Thomas, Ben. «Dean Ford, singer with Scottish pop group Marmalade, dies aged 72». The Guardian. Henta 29. mars 2020.