Deccan
Deccanplatået er eit stort fjellplatå som dekker store delar av Sentral- og Sør-India. Platået har ei gjennomsnittshøgd på 500 moh. med variasjonar mellom 450 og 750 moh. Det er avgrensa i aust og vest av to fjellkjede, dei austre og dei vestre ghatane. Namnet «Deccan» kjem frå prakrit dakkhin som tyder sør.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e5/Relief-Inde.png/220px-Relief-Inde.png)
Deccan dekker store delar av delstatane Andhra Pradesh, Karnataka, Telangana og Maharashtra.[1] Det går også inn i Kerala og Tamil Nadu. Paltået dannar ei naturleg grense mellom Nord- og Sør-India, og størstedelen av folka som bur her talar dravidiske språk (i motsetning til indoeuropeiske språk i nord).
Den nordvestlege delen av platået er danna av lava- eller magmatiske bergartar kjende som Deccantrappene. Det er skild frå Gangessletta i nord av Satpura- og Vindhyafjella.
Kjelder
endre- ↑ «The Deccan Plateau». rainwaterharvesting.org. Henta 5. januar 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Deccan Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Deccanplateauet» frå Wikipedia på dansk, og «Deccan» frå Wikipedia på svensk den 1. oktober 2006.